Det trondheimsbaserte Orkester Nord lanserer denne veka eit nytt talentstipend, Orkester Nord Academy. Dette er ei stipendordning for unge instrumentalistar mellom 18 og 30 på historiske instrument. Akademiet siktar på å gje deltakarane meir orkestererfaring enn talentprogramma ofte pleier å gjere, sjølvsagt i tillegg til individuell oppfølging. Sjølv om dette er eit stipend innan tidligmusikk, kan ein også søke med moderne instrument – så lenge motivasjonen er stor for å dykke djupt i tidligmusikken!
Stipendordninga er åpen for obo, fagott, bratsj, og bass!
Søk her innen 20.november! https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLScrPA_C4ss27YkwHtMZ8CLjCRHU_tnplZU-TiWAhZz7ekD_PQ/viewform